Discussion:
Matematikksymbol på småskuletrinnet
(too old to reply)
Karl Ove Hufthammer
2006-04-02 11:27:30 UTC
Permalink
Kan nokon opplysa meg om kva teikn som vert mest brukt for
multiplikasjon og divisjon i lærebøker på småskuletrinnet?

For multiplikasjon, er det «×» eller «·»?
For divisjon, er det «÷», «:» eller «∕» (alternativt «/»)?
--
Karl Ove Hufthammer
Ivar S. Ertesvåg
2006-04-02 13:17:15 UTC
Permalink
Post by Karl Ove Hufthammer
Kan nokon opplysa meg om kva teikn som vert mest brukt for
multiplikasjon og divisjon i lærebøker på småskuletrinnet?
For multiplikasjon, er det «×» eller «·»?
For divisjon, er det «÷», «:» eller «∕» (alternativt «/»)?
Alle godkjenningspliktige lærebøker følgjer vel ISO 31;
altså «·» og «:» for vanleg ganging og deling. I tillegg
trur eg dei lærer etter kvart (ungdomsskulen) at ein brøk
kan skrivast med «/». Dei glupaste oppfattar - heilt på eiga
hand - at brøk er ei form for deling.
Karl Ove Hufthammer
2006-04-07 08:18:31 UTC
Permalink
Post by Ivar S. Ertesvåg
Alle godkjenningspliktige lærebøker følgjer vel ISO 31;
altså «·» og «:» for vanleg ganging og deling.
Mange takk for informasjonen.
--
Karl Ove Hufthammer
E-post/Jabber: ***@huftis.org
Loading...